Solbakken vart utnemnt til statsforvaltar i august.
– Det er i skjeringsfeltet mellom stat og kommune vi legg til rette for å utvikle Vestland vidare. Som statens representant i fylket ser eg fram til å jobbe til beste for innbyggjarane i Vestland som leiar for ein organisasjon med viktige oppgåver og høg kompetanse.
Brei erfaring
Solbakken er utdanna cand.polit. frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare vore statssekretær ved Statsministerens kontor, i Samferdselsdepartementet, i Kommunal- og regionaldepartementet og politisk rådgivar for fiskeriministeren.Solbakken har også erfaring frå næringslivet som leiar av Jefferson Wells, Offshore Media Group og Maritimt Forum. Ho har og vore partner i Bønes Virik. Ho har styreerfaring frå Helse Vest RHF, har vore medlem av EOS-utvalet og har hatt fleire styreverv i børsnoterte selskap.
Om Statsforvaltaren
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og skal sikre at lover og nasjonale vedtak blir følgt i heile landet. Gjennom tilsyn, klagebehandling og samordning av statlege oppgåver bidreg vi til rettstryggleik og likebehandling av innbyggjarane i Noreg. Statsforvalteren i Vestland har hovudsete i Leikanger og kontorstader i Bergen og Førde. I tillegg har vi verneforvaltarar med kontorstad i Rosendal, Gaupne og Aurland. Vi er rundt 300 medarbeidarar. Embetet dekker til saman 43 kommunar, med eit samla innbyggartal på 660 000.