Bue Salmon fekk løyve etter forureiningslova 20. februar 2026 for oppføring av landbasert matfiskanlegg med ein planlagd kapasitet på 50 000 tonn laks årleg. Det skal fyllast ut massar i ei bukt sørvest i industriområdet for å utvide eksisterande areal. Vidare skal det drivast to tunnelar: ein inntakstunnel for sjøvatn og ein utløpstunnel for avløpsvatn som munnar i Korssundosen.
Bue Salmon har søkt om endring av følgjande forhold:
- Mudring: Fjerning av 3 000 m3 lausmassar i den vestlege delen av utfyllingsområdet for å sikre stabilitet. Supplerande miljøundersøkingar frå juni 2026 dokumenterer at desse massane er reine.
- Auka utfyllingsvolum: Totalt volum for utfylling i sjø vert søkt auka frå 300 000 m3 til inntil 350 000 m3.
- Endring av partikkelsperre: Det vert søkt om fritak frå bruk av siltgardin i fase 1 ved bruk av reine massar frå splittlektar. I fase 2 vert det søkt om å nytte boblegardin som barriere i staden for siltgardin, då lokale straumtilhøve gjer siltgardin teknisk ueigna.
Statsforvaltaren vurderer den omsøkte endringa som akseptabel. Statsforvaltaren godkjenner dei omsøkte endringane. Vi føreset at det i heile anleggsperioden, både under mudring og utfylling, vert gjennomført kontinuerleg turbiditetsovervaking med alarmgrenser i tråd med NS 9433, for å sikre umiddelbar stans og iverksetjing av tiltak dersom grenseverdiane vert overskridne.
Informasjon
Løyve med vilkår og søknad om løyve ligg under dokument på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2025/16072.