Kondolanseprotokollar

Publisert i dag kl. 11:58

I samband med dødsfallet til Kong Harald V er det lagt fram kondolanseprotokollar ved kontorstadene våre i Leikanger, Bergen og Førde. Alle er velkomne til å skrive ei siste helsing til Kong Harald V.  

Bord med kvit duk, to tenke lys, portrett av Kong Harald V i uniform og ei opa bok med signaturar i.
Du kan skrive ei siste helsing til Kong Harald V i kondolanseprotokollane på kontorstadene våre i Leikanger, Bergen og Førde. Foto: Solveig Mork Holmøyvik / Statsforvaltaren i Vestland.

Kondolanseprotokollane vil vere tilgjengelege for publikum frå måndag til fredag i dei ordinære opningstidene

Det er også lagt fram protokollar i kommunehus og kyrkjer i fylket. Kongehuset har også ein elektronisk kondolanseprotokoll på nettstaden. 

Protokollane vil seinare bli overleverte til Slottet.