Skogbruk

Oppdatert 11. mai kl. 09:59

Her finn du informasjon om tilskot, skogfond og kva for ansvar og plikter du har som skogeigar.

Tilskot

Alle tilskot til skogbruk finn du hos Landbruksdirektoratet:

Sjekk gjerne med eigen kommune om dei har eigne strategiar/prioriteringar for tilskota. 

Ansvar og plikter

Når du selg tømmer eller anna skogsvirke, skal du sette av mellom 4 og 40 prosent av inntektane til skogfond. For sal av juletrær og pyntegrønt er det frivillig å sette av midlar. Dette er ei ordning som gjer det enklare for deg som skogeigar å investere i skogen din.​

Pengane går inn på ein konto som er knytt til eigedommen – ikkje til deg personleg. Du kan bruke skogfondet til å dekke delar av kostnadane ved tiltak som planting, ungskogpleie og miljøarbeid. ​Du kan også løne ditt eige arbeid.

Skogfondet er eit verktøy for å sikre både framtidig produksjon og viktige miljøverdiar i skogen din.​

Finn meir informasjon

Setje inn ekstra i skogfondet

Du kan setje av inntil 40 prosent av registrert virkesomsetning innanfor eit kalenderår på skogfondskontoen din. Dersom det er trekt mindre enn dette, kan du gjere ei ekstra innbetaling.

Du må registrere dette før 5. januar påfølgjande år. Då blir innbetalinga bokført på same rekneskapsår som virkesomsetninga, og vil kome fram på kontoutskrifta for året som blir avslutta.

Dersom du ikkje rekk denne fristen, er det mogleg å setje av ekstra skogfond for året som blir avslutta fram til 6. februar. 

Les meir og registrer innbetaling her:
Ekstra innbetaling til skogfond (landbruksdirektoratet.no)

Som skogeigar skal du sikre at skogen blir forynga etter hogst. Dette er ikkje berre ei plikt etter lova, men også ei viktig investering i framtidig skogproduksjon og verdiskaping. Forynging kan skje ved planting, såing eller ved naturleg forynging – avhengig av forholda på eigedommen din.

I tillegg til sjølve forynginga er det viktig å følge opp med ungskogpleie. Dette inneber tiltak som fremjer god kvalitet og vekst i den unge skogen, og legg grunnlaget for ein robust og verdifull framtidsskog.

Hos Landbruksdirektoratet finn du nyttig informasjon om korleis du kan lukkast med forynging og ungskogpleie på eigedommen din, og informasjon om tilskot til skogkultur: 

Ein skogbruksplan gir deg ei detaljert oversikt over skogressursane og miljøverdiane på eigedommen din, presentert gjennom kart og talmateriale. Med ein slik plan får du eit solid grunnlag for å ta gode avgjerder – både økonomisk og miljømessig. Planen hjelper deg med å forvalte skogen din på ein berekraftig måte, og gir deg betre kontroll over utviklinga på eigedommen.​

Les meir og finn søknadsskjema her: Tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar (landbruksdirektoratet.no)​  

Du må søke kommunen før du bygger, eller bygger om ein skogs-, eller landbruksveg. Dette gjeld skogsbilvegar, jordbruksvegar og traktorvegar. Du kan ikkje starte arbeidet før du har fått godkjenning.​

Les meir og finn søknadsskjema: Søke om bygging av landbruksveg (landbruksdirektoratet.no)

Eget sal av ved, juletrær og pyntegrønt og omsetning av eller oppgjør for tømmer som ikkje blir rapportert via Skog-Data skal rapporterast.

For juletre- og pyntegrønt er avsetning til skogfond frivillig.

Les meir: Rapportere småsalg og direktesalg (landbruksdirektoratet.no)

Planting av utenlandske treslag til skogbruk, juletreproduksjon eller pyntegrønt krev godkjenning frå Statsforvaltaren. Det er kun grunneigar som kan søke.

Les meir og søk via Miljødirektoratet sine nettsider: Tillatelse etter forskrift om utsetting av utenlandske treslag - Søknadssenter

Søknaden blir vurdert ut frå mogleg påverknad på naturmangfaldet. Du må sjølv sette deg inn i aktuelle naturverdier i området. 

Planting på dyrka mark krev eigen godkjenning frå kommunen.

Vi anbefaler at du set deg inn i PEFC Skogstandard (pfc.no), sjølv om den ikkje blir brukt direkte i saksbehandlinga.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.