Kommunen skal kome i balanse
Robek er ei forkorting for register over betinga godkjenning og kontroll.
Statsforvaltaren har fleire verkemiddel for å følgje opp kommunane som er registrerte i Robek, for å støtte opp om arbeidet med å gjenopprette økonomisk balanse. Det er kommunen sitt ansvar å velje tiltaka som skal gjennomføre nødvendig omstilling.
Kommunen skal
- vedta ein tiltaksplan innan gjeldande fristar
- gjennomføre omstillingstiltak som sikrar at økonomien kjem i balanse
Statsforvaltaren kan gi skjønnsmidlar knytt til kommunen sin tiltaksplan for å
kome i økonomisk balanse.
Statsforvaltaren skal
- kontrollere at vedtaket om årsbudsjettet er lovleg
- godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar
- godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar for interkommunale selskap med eigarkommune i Robek
Les meir om ROBEK, og om kva kommunar som er i Robek-registeret på regjeringen.no.
Robek-kommunar i Vestland
Vestland har éin kommune i Robek, Bømlo, som vart meldt inn 29. juni 2026.