Søk om å bli typisk turiststad

Oppdatert 11. august kl. 09:42

Kommunen kan søke om at eit område skal reknast for å vere typisk turiststad for heile eller delar av året. 

Krav 

Terskelen for å få innvilga denne statusen er høg.

For å kunne søke om status som typisk turiststad, må desse krava vere oppfylte:  

  • Området må ha få innbyggarar samanlikna med tal turistar/besøkande gjennom året. 
  • Sal må i visse periodar i hovudsak vere til turistar.
  • Bedriftene i området må vere avhengige av turistsesongen for å kunne halde drifta i gang.

Typiske turiststader kan halde ope på søndagar og heilagdagar.

Dette må med i søknaden

  • Eit kommunestyrevedtak om at kommunen ønskjer å søkje om statusen. Vedtaket må vere tydeleg på kva område det gjeld og kva del av året statusen er ønskt.
  • Ei utgreiing og dokumentasjon på korleis salet på staden vert påverka av turistar.
  • Ei grunngjeving av kvifor næringa på staden er avhengig av turistar.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til at omsetnaden aukar i turistsesongen.

Høyring og forskrift

Dersom det blir aktuelt å gi området statusen, sender Statsforvaltaren saka på høyring til relevante instansar, særleg lokale arbeidstakarorganisasjonar.

Statsforvaltaren gir ein stad status som typisk turiststad gjennom forskrift.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.