Er du lege og skal søke på LIS1-stillingar?
Ledige LIS1-stillingar blir lyst ut fortløpande via Helsedirektoratet (Webcruiter):
Kurs hos Statsforvaltaren
Statsforvalteren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering. Vi er eit bindeledd mellom kommunane og Helsedirektoratet, og rettleiar kommunar og LIS1.
Vi tilbyr
- kurs i offentleg helsearbeid
- kurs i legevaktsmedisin for LIS1
- grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
ALIS-kontora tilbyr opplæring for nye LIS1-rettleiarar: Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland hausten 2026
- Kurs i akuttmedisin i Førde 14.-15. september og i Bergen 17.-18. september
- Grupperettleiing LIS1 dag 1 og 2 på Voss, 13.-14. oktober
- Kurs i offentleg helsearbeid (webinar) 15. oktober og 22. oktober frå klokka 9.00-12.00
- Grupperettleiing LIS1 dag 3 på Skei og i Bergen, dato er ikkje klart
Kurs i akuttmedisin
Det er RS Sjøredningsskolen som held kursa i akuttmedisin etter avtale med oss. LIS1 i gamle Hordaland og Gulen kommune deltek på kurset i Bergen. LIS1 i gamle Sogn og Fjordane, minus Gulen, deltek på kurset i Førde. RS Sjørednindsskolen sender ut informasjon til LIS1 i kommunar i Vestland med informasjon om kurset og lenke til påmelding.
Kurs i regi av Helfo om takstbruk og legemiddel
Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). De vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melda dykk på den datoen som passar best.
Lokal rettleiar godkjenner læringsmål
Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
55 57 27 00
Telefontider
Helse, sosial og barnevern har ikkje ope for telefonar 9. september Du kan framleis få kontakt med Statsforvaltaren i Vestland ved å ringe til sentralbordet på telefon 57 64 30 00.
Våre telefontider er tysdag, onsdag og torsdag 12.00 til 14.00.