Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester

Webinar i offentleg helsearbeid for LIS1 (1 av 2)

Publisert 1. oktober kl. 14:45

Dette er det første av to webinar i offentleg helsearbeid for LIS1. I del 1 får du vite meir om helsejuss og vurderingar rundt helsekrav til førarkort.


Dato
15. oktober kl. 08:15–11:45
Stad
Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
LIS1 i Vestland

Tema for webinar i offentleg helsearbeid

Kva gjer du når du vil handtera ein pasient som er psykisk sjuk utan at hen er einig i det? Kva kan du fortelja pårørande utan å bryte teieplikta? Korleis vurdera om ein pasient fyller helsekrava til å ha førarkort? Dette er nokre av spørsmåla som blir løfta i desse to webinara i offentleg helsearbeid.  

Læringsmål

Webinaret er ikkje obligatorisk, men vi vil på det sterkaste anbefale deg å delta då dette er ein anbefalt læringsaktivitet for å oppnå kompetanse innanfor følgjande læringsmål: FKMK-004 og KLK 040. Du kan lese meir om læringsmåla på Helsedirektoratet sine sider. 

Personvern

Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».  

Påmeldingslenkje blir tilsendt seinast dagen før webinaret. 

Påmeldingsfrist

Fristen for påmelding til webinaret er 11. oktober

Kontaktperson
Karina Koller Løland