Kurs og konferanse
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette
Barnevern for tilsette og leiarar
Helse- og omsorgstenester

Tredje samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge

Publisert i dag kl. 09:05

Tema for samlinga vert førebygging av vald og overgrep mot dei yngste barna og relevante tiltak i småbarnsfamiliar når vald og overgrep er avdekka.


Dato
21. oktober kl. 09:00–13:00
Stad
Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Vest (RVTS Vest) i samarbeid med styrings- og ressursgruppa
Målgruppe
Alle tilsette i kommunar i Vestland med interesse for temaet

Hald av datoen

Meir informasjon og høve for påmelding kjem seinare.

Om nettverket

Nettverket vart etablert i 2023 og målet er å skape møteplassar som styrkjer arbeidet. Nettverket er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland, Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Vest (RVTS Vest), Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Kompetansesenter for rusfeltet Bergen (KORUS Bergen). Kommunar i Vestland er representert i styringsgruppa, og i ressursgruppa deltar fleire instansar og fagmiljø.

Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke arbeidet sitt med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, som utøver eller vert utsett for vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.

Vi vil tilby kommunane støtte i arbeidet

Nettverket ønskjer å bidra til meir systematikk og langsiktig arbeid i implementering, opplæring og vedlikehald av nødvendig kompetanse for å førebygge og gi rett hjelp. Vi ønskjer å lage eit nettverk for å gi støtte til meir systematisk arbeid, fagleg påfyll og moglegheit for erfaringsutveksling på tvers av kommunar. Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å understøtte kommunane i arbeidet.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Bente Cecilie Foss
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Ann-Magrit Grip
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland