Om samlinga
Første dagen er for Nav-tilsette, og vi startar ved lunsjtid. Andre dagen er for både Nav-tilsette og tilsette hjå Namsfogden, og då startar vi om morgonen.
Tema første dag
- Korleis fange opp behov for økonomisk rådgjeving i saksbehandling om økonomisk stønad og dermed bidra til økonomisk helsehjelp?
- Erfaringar frå den relativt ferske sentrale gjeldsrågjevingstenesta i Bergen
- Kort om endringar i regelverk
- Førebygging av tap av eigd bustad – auke av barnefamiliar utan fast bustad
Tema andre dag
- Korleis skal reknskapsskjemaet til Namsfogden førast?
- Hovudregelen om betalingsperiode på fem år – avklaring og forventningar
- Informasjon om skuldnarens eige ansvar for å ta initiativ
- Skatteetaten og Innkrevingsmyndigheitene – roller og kontaktpunkt
Programmet
Du finn programmet under «Dokument».
Påmelding
Påmeldingsfristen er 23. september klokka 16.00. Påmeldinga er bindande.
Det er gratis å delta, men vi dekker ikkje reiseutgifter.
Ved å melde deg på, samtykker du til at vi kan dele informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Alle som har anledning og som ønskjer det, kan melde seg på middag om kvelden 27. oktober. Middagen er klokka 19.00.
Ta kontakt om du har spørsmål i samband med at du skal melde deg på.
Nav-tilsette
Dei deltek begge dagane. Dei som treng overnatting for å kunne delta begge dagane, melder seg på med overnatting frå 27. - 28. oktober. Sidan vi startar ved lunsjtid 27. oktober, legg vi til grunn at dei fleste ikkje treng overnatting frå 26. oktober.
Tilsette hjå Namsfogden
Dei deltek dag to, altså 28. oktober. Denne dagen startar programmet om morgonen. Dei frå Namsfogden som har reiseveg på tre timar eller meir, kan melde seg på med overnatting frå 27. - 28. oktober.
Avmelding
Påmeldinga er bindande. Dersom du har meldt deg på, men likevel ikkje kan delta, eller du har endringar i påmeldinga di, ber vi deg melde frå på e-post så snart du kan.