Strategisk kompetanseplanlegging er sentralt for å sikre berekraftige, framtidsretta og robuste velferdstenester. Samlingane gjev støtte, struktur og praktiske verktøy til kommunane i arbeidet med å utvikle og planleggje kompetanse på ein systematisk måte.
KS har utvikla eit eige verktøy til bruk i dette arbeidet: Verktøy for strategisk kompetanseplanlegging
Samling 3
Vidare arbeid med praktiske metodar for å kartlegge dagens og framtidige kompetansebehov, og korleis kommunen kan utvikle strategiar og tiltak.
Fokus:
- Kompetanseanalyse
- Kompetansestrategiar og tiltak
Deltakarane må rekne med noko arbeid i eigen organisasjon mellom samlingane for å få best mogeleg utbytte av deltakinga.
Det vert gjennomført:
- to digitale samlingar våren 2026 (5. mars og 26. mai)
- to digitale samlingar hausten 2026 (8. september og 17. november)
Påmelding gjeld for alle samlingane: Påmelding til digitale samlingar
Det blir ikkje opptak av samlingane.