Kurs og konferanse
Landbruk for kommunen

Kompetansesamling produksjonssvikt i grovfôr (foretak med husdyr)

Publisert 2. september kl. 08:03

For å sikre rask og effektiv sakshandsaming er det viktig at me frå fyrste stund angrip arbeidet på rette måten.


Dato
10. september kl. 13:30–15:00
Stad
Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe
Kommunal jordbruksforvaltning

Det er no registrert  168 meldingar om mogleg produksjonssvikt i grovfôr (føretak med husdyr). Det er grunn til å tru at det vil kunne koma fleir. Og ein del av dei som melder, vil i neste omgang søke om tilskot.

Dei aller fleste meldingane kjem frå dei øvre delane av Telemark. Men det har og kome meldingar om mogleg produksjonssvikt i grovfôr frå Vestfold og dei nedre delane av Telemark.

Denne kompetansesamlinga vil leggje særleg vekt på kommunen sine oppgåver

  • informasjon til føretaka
  • oppfylging av meldingar
  • oppmåling av grovfôrlager
  • dokumentasjon som må skaffast til vege 
  • skriving av fråsegn

Vidare vil me presisere rollefordelinga mellom føretak, kommune, statsforvaltar og direktorat.

Me vil òg vise døme på klagesaker og med det kva Landbruksdirektoratet legg vekt på i si handsaming.