Krav til dokumentet
Dokument frå norske styresmakter kan bli gyldige i utlandet med apostille. Vi kontrollerer at signaturen er registrert hos oss før vi stadfestar at signatur og stempel på offentlege dokument er ekte.
Dette er dokumenta som kan få apostille:
- originale dokument med rundt løvestempel og gyldig signatur, til dømes frå Skatteetaten, tingretten, politiet eller Brønnøysundregistera
- gyldig signatur er helst påført med blå penn
- namnet og tittelen til den som har signert skal vere skrivne anten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar
- rett kopi av et dokument som er stadfesta med eit originalt stempel frå norsk styresmakt
- originale dokument eller rett kopi som er bekreftet av notarius publicus (tingretten)
Døme på dokument vi IKKJE kan gi apostille:
- digitale dokument (e-post, skanna dokument)
- omsettte dokument frå statsautoriserte translatørar der dokumentet manglar stadfesting frå tingretten (notarius publicus)
- dokument som er frå andre land
- dokument som du skal bruke i Norden (då er apostille unødvendig)
- dokument du skal bruke i land som ikkje har underteikna Haag-konvensjonen
Vi kan ikkje hjelpe til med å omsetje dokument til andre språk, stadfeste innhaldet i eit dokument eller stadfeste rett kopi av dokument. Nokre offentlege instansar gir deg fleirspråklege attestar dersom du ber om det.
Dersom du skal bruke dokumentet i eit land som ikkje er med i Haag-konvensjonen, må dokumentet legaliserast av andre enn oss. Kontakt ambassaden i landet du skal bruke dokumentet i. Du kan lese meir om legalisering på nettsida til Utanriksdepartementet.
Slik får du apostille
Sjekk at du har dei rette dokumenta, og at dette er dokument som kan få apostille.
Du kan møte opp i vår resepsjon og få apostille eller sende det som brevpost til oss.
Dersom du sender dokumenta til oss som brevpost, må du opplyse om:
- kva land dokumenta skal brukast i
- returadresse
- telefonnummer, dersom vi treng å kontakte deg
Postadressa vår er:
Statsforvaltaren i Rogaland
Postboks 59
4001 Stavanger
Vi gir som regel dokumenta apostille innan 1–2 verkedagar frå vi mottek dei, og sender dei tilbake til deg som vanleg post.
Dersom du heller vil komme innom oss, er kontortida for apostille er mellom 10.00 og 11.00, mandag, onsdag og torsdag.
Det er ikkje nødvendig å bestille time. Du kan møte opp i resepsjonen, der du fyller ut eit skjema. Det innleverte dokumentet blir behandla medan du ventar.
Dokument som blir leverte etter kl. 11.00, vil vere klare for utlevering etter kl. 11.00 på den neste apostilledagen
Besøksadressa vår er Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.
Dersom du har spørsmål, kan du ringe oss: Mandag, onsdag og torsdag mellom 12.30 og 14.00.
Telefon: 51 56 87 00.