Kven kan klage?
Tiltakshavar, naboar og andre klageberettiga kan klage på kommunen sitt vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klagen skal sendast til kommunen.
Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Saksbehandlingstid
Ordinær saksbehandlingstid er 12 veker. Statsforvaltaren skal prioritere saker der ein klage fører til utsett iverksetting av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan seks veker.
Vi registrerer plan- og bygningssaker i eit eige system. Her kan du sjå kor lang tid vi brukar på å behandle dei ulike sakene.
Vår rolle
Som klageinstans skal Statsforvaltaren bidra til å sikre at dei bygningspolitiske måla i lover, forskrifter og arealplanar blir ivaretekne på best mogleg måte. Samstundes skal Statsforvaltaren også leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.