Nyhende
Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakkar
Brukar du Statsforvaltarens skjema på vegner av ei verksemd, bør du lese om endringane som vil komme. Tilgang til tenester og skjema via roller opphøyrer ved utgangen av året. I staden treng du fullmakt via ein tilgangspakke. Det er verksemda di som gir tilgangspakkar.
Statsforvaltaren opphevar planvedtak i Kinn
Vi har oppheva Kinn kommune si avgjerd om å avslutte planprosessen for Måsholmen - Håskjera, næring og hamn. Dette betyr at Kinn kommunestyre må ta stilling til reguleringframlegget på nytt.
Semje i seks av sju meklingspunkt i Kinn
I meklinga 17. april om uløyste motsegner til arealdelen til kommuneplanen for Kinn vart det oppnådd semje i seks av totalt sju meklingspunkt.
Statsforvaltaren opphevar alkoholpolitisk retningslinje
Vi opphevar Bergen kommune si alkoholpolitiske retningslinje som forbyr skjenking på stadar som tilbyr stripping, topplausservering og liknande som del av driftskonseptet. Det ligg ikkje føre ei alkoholpolitisk vurdering som grunngjev forbodet.
Færre meklingar i plansaker i 2025
Dei aller fleste arealplansakene i Vestland blir løyste lokalt. I 2025 var det behov for å mekle i berre éi plansak.