Frist for levering
Kondolanseprotokollar må vere komne til oss seinast torsdag 24. september. Vi tek ikkje i mot kondolanseprotokollar som kjem inn etter fristen.
Slik leverer du protokollane
Du kan levere kondolanseprotokollar direkte til kontorlokale våre i opningstidene:
- Leikanger (Njøsavegen 2, 6863 Leikanger)
- Bergen (Solheimsgaten 13, 5058 Bergen)
- Førde (Fjellvegen 11, 6800 Førde)
Du kan også sende kondolanseprotokollane med vanleg postgang. Adressa vår er:
Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen
Kva gjer du med kort, teikningar, blomar og likande?
Kommunar som ønskjer det kan samle inn kort, brev, teikningar osb., og følgje råda som er gjeve i Nasjonalarkivets rettleiing: «Materialet bør i utgangspunktet oppbevares ved ansvarlig kommunal eller interkommunal bevaringsinstitusjon».
For blomar, lys eller anna organisk materiale er det nok å dokumentere eit utval gjennom fotografering.