Kurs og konferanse
Kommune og tenesteaktør

Fagleg samling om integrering

Publisert 10. juni kl. 07:26

Vi inviterer tilsette i kommunane som arbeider med oppgåver etter integreringslova, til ei fagleg samling i Bergen sentrum 22. september 2026.


Dato
22. september kl. 09:00–16:00
Stad
Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
Tilsette i kommunane som arbeider med oppgåver etter integreringslova

Føremålet med samlinga er å løfte fram tema som er viktige i det daglege arbeidet, og som de ønskjer faglege perspektiv og praktiske innspel til.

På samlinga vil vi mellom anna ta opp tema innan kvalifisering og arbeidsliv. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vil halde eit innlegg om arbeidsretta opplæring og samspel mellom opplæring og praksis. Vi har òg invitert Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til å bidra med eit fagleg innlegg. I tillegg blir det presentasjon av rapporten «Klager etter integreringsloven – kartlegging og analyse av årsaker til få klagesaker» frå Proba samfunnsanalyse.

Samlinga vil vere på Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen. Det faglege programmet startar tidlegast kl. 09.00 og avsluttar kl. 16.00. Statsforvaltaren dekkjer dagpakker. Kommunane bestiller og betaler sjølve reise og eventuell overnatting.

Frist for påmelding er 7. september 2026, og de melder dykk på via denne lenka:  påmelding til samlinga. Samlinga er fysisk, og det er ikkje mogleg å delta digitalt.

Ta gjerne kontakt med alan.khaderi@statsforvalteren.no dersom de har spørsmål om samlinga.

Vi ser fram til å møte dykk og til gode faglege samtalar.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Alan Khaderi
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland