Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester
Kommune og tenesteaktør
Samfunns- og arealplanlegging

Bu trygt heime-konferanse

Publisert 12. juni kl. 12:50

Det overordna temaet for konferansen er "Tryggleik, livskvalitet og bustad".  


Dato
24. september kl. 10:30 – 25. september kl. 15:00
Stad
Hotel Scandic Flesland Airport, Lønningsvegen 9, 5258 Blomsterdalen
Arrangør
Husbanken vest og Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med regional koordineringsgruppe for Bu trygt heime
Målgruppe
kommunar, fagfolk, næringsliv og organisasjonar som jobbar med bustad, folkehelse og aldersvenleg samfunnsplanlegging

Konferansen vil ta føre seg folkehelse, bustad, planlegging og tenester, og kva dette krev av kommunal omstilling og samarbeid på tvers av sektorar. 

Med konferansen vil vi setje søkjelys på korleis kommunane kan legge til rette for at fleire kan bu trygt heime – lenger og betre. Gjennom faglege innlegg, verktøy og konkrete døme får de innsikt i kva som verkar, og kva som må til for å gå frå plan til praksis.

Målet er at vi reiser heim med både felles forståing og konkrete verktøy, som kan takast vidare i eige arbeid.

Program, meir praktisk informasjon om konferansen og moglegheit for påmelding finn du på heimesida til Husbanken: Bergen: Bu trygt heime-konferanse - Husbanken

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Ragna Flotve
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland