Kva er oskespreiing?
Oskespreiing er eit alternativ til gravlegging. Oska etter ein avdød må spreiast på ein godkjend stad. Du treng ikkje stadfeste eller gi beskjed til nokon om at oskespreiinga er gjort.
Kven kan få løyve?
- du sjølv – om du er over 15 år
- etterlatne som kan dokumentere at avdøde ønskte dette
- foreldre til avdøde barn under 18 år
Kvar er det lov å spreie oske?
- i fjordar, elvar, vassdrag og ferskvatn med eit aude preg
- i område som ikkje er utbygd og som har eit aude preg
I utbygde område, stader med mykje båttrafikk eller på strender får du normalt ikkje løyve.