Dette handlar saka om
Rogaland har mykje husdyr, og det betyr også store mengder husdyrgjødsel. Ein måte å handtere husdyrgjødsla på, er å bruke ho til å produsere biogass. Då kan gjødsel og anna organisk avfall bli til energi, medan restane frå produksjonen kan brukast som gjødsel.
Biovind ønskjer no å byggje eit stort biogassanlegg på Nerheim i Ølen. Anlegget kan gi viktige løysingar for landbruket, men planane har også skapt bekymring, særleg for lukt i nærområdet. No har Statsforvaltaren gitt løyve – men til eit mindre anlegg enn Biovind søkte om, og utan matavfall.
– Dette er ei sak som har skapt stort engasjement. Vi har fått mange viktige innspel og gode argument frå fleire sider. Vi har vurdert behovet for biogass opp mot ulempene anlegget kan få for naboar og nærmiljø. Vi meiner Biovind kan få løyve, men med ei mindre ramme og strenge krav til drifta, seier fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg.
Får løyve til eit mindre anlegg
Biovind søkte om å kunne ta imot 226 000 tonn gjødsel og organisk avfall i året. Statsforvaltaren gir løyve til 125 000 tonn – rundt 45 prosent mindre enn det blei søkt om.
Selskapet får heller ikkje løyve til å ta imot matavfall. Ein viktig grunn er risikoen for lukt. Statsforvaltaren meiner også det er for stor uvisse om korleis matavfall vil påverke kvaliteten på bioresten som blir igjen etter produksjonen.
Lukt har vore ei viktig bekymring
Saka har vore på offentleg høyring, og det har komme mange innspel frå naboar, innbyggjarar, lokale bedrifter og organisasjonar. Særleg lukt har skapt bekymring. Det har også komme innspel om mellom anna støy, trafikk, tryggleik og konsekvensane for nærmiljøet.
Innspela har hatt betydning for løyvet. Dei har mellom anna bidrege til at Statsforvaltaren har redusert storleiken på anlegget og sett fleire krav til drifta.
– Vi tar bekymringa for lukt på alvor. Berekningane som er gjorde, tyder på at luktbelastninga kan bli avgrensa, men det er framleis uvisse. Derfor må Biovind dokumentere korleis anlegget faktisk fungerer når det kjem i drift, seier Eltervåg.
Biovind må mellom anna måle lukt kvart år. Det skal også vere eit digitalt system der luktklager blir registrerte med stad og tidspunkt, og det er sett grenser for kor mykje lukt naboar og andre verksemder kan bli utsette for.
Kan søkje om å utvide seinare
Løyvet stiller også krav til mellom anna støy, tungtransport, mottak av avfall, handtering av biorest og tiltak mot akutte utslepp.
Biovind kan seinare søkje om større kapasitet. Då må selskapet kunne dokumentere stabil og god drift innanfor krava som no er sette. Dersom krava ikkje blir følgde, kan Statsforvaltaren i ytste konsekvens vurdere å trekkje tilbake løyvet.
Slik kan du klage
Biovind AS og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket. Dette kan mellom anna gjelde naboar, interesseorganisasjonar og velforeiningar. Statsforvaltaren vil vurdere om den som klagar har rettsleg klageinteresse når klagen blir behandla.
Klagen må vere skriftleg, signert og innehalde fullt namn og adresse. Han må også forklare kvifor vedtaket bør endrast, kva endringar som blir ønskte, og eventuelle opplysningar som kan vere relevante for saka.
Klagen skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, eller på e-post til sfropost@statsforvalteren.no. Merk klagen med saksnummer 2024/14056.
Klagefristen er 27. oktober 2026, eller fire veker etter at vedtaket blei motteke. Fristen er forlenga med ei veke for å ta omsyn til haustferien.