Autorisasjon for plantevern- og gnagarmiddel

Oppdatert 25. mars kl. 12:15

Kommunen avgjer om ein søkar oppfyller krava for autorisasjon etter fullført kurs hos Statsforvaltaren.

Landbruksforvaltningen i kommunen har ansvar for:

  • å registrere alle som har bestått eksamen i autorisasjonsregisteret. Ved behov for tilgang til registeret må landbrukskontoret kontakte statsforvaltaren, som vidareformidlar beskjed til Mattilsynet og stadfestar behovet for tilgang.
  • å vurdere om dei som ønskjer autorisasjonsbevis har rett til dette, og dessutan
  • å registrere desse i autorisasjonsregisteret og skrive ut mellombels autorisasjonsbevis.
  • å registrere bestilling av eit duplikatbevis dersom originalbeviset er forsvunne.
    å bestille nødvendig talet på eksamenssett til deltakarane på autorisasjonskurs dersom dei er ansvarleg for gjennomføring av eksamen. 

Vilkår for plantevernautorisasjon: 

  • Du må vere over 18 år. 
  • Du må ha yrkesmessig behov for å kjøpe og bruke plantevernmiddel, sjå § 7 i instruksen for døme på yrkesmessige behov.

Vilkår for gnagarmiddelautorisasjon: 

  • Du må ha gyldig plantevernautorisasjon. 
  • Du må eige eller leige landbrukseigedom. 

I denne brukarrettleiinga står det meir om vurdering av vilkår for gnagarmiddelautorisasjon. I vilkåret "eig/leiger ein landbrukseigedom", inngår også ektefella til dei som eig/leiger garden, sjølv om det er særeige på garden, men kor det i praksis er ektefella som driv han.  

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.