Alle som er på lista over godkjende kommunar og som har sagt seg villige til å ta imot legar i spesialisering.
Ja. I spesialistforskrifta paragraf 16 står det at det ikkje skal gå ut over kommunen dersom det av omstende som kommunen ikkje rår over oppstår ein situasjon som gjer at dei står utan lege i spesialiseringsløp. Det økonomiske tilskotet skal derfor betalast ut til kommunane også i desse tilfella. Ein situasjon der kommunen ikkje får lege i spesialisering, kan vere når legen blir langvarig sjuk før eller etter tiltreding, og kommunen ikkje får ny lege i spesialiseringsløp.
Ja. Sjå førre spørsmål.
Ved sjukdom eller oppseiing før oppstart i stilling, må stillingen lysast ut på nytt. Dersom kommunen ikkje lukkast med å få tilsett ny lege i spesialisering, blir det likevel gitt tilskot.
Statsforvaltaren melder kvart år inn ei liste til Helsedirektoratet over kommunane som skal få tilskot.
Kommunar kan ønskje å få tildelt fleire LIS1-plassar, til dømes ved å auke frå éi til to stillingar. Det er likevel avgrensa kor mange plassar som finst totalt, sidan dette blir fastsett nasjonalt av Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og fordelt gjennom helseregionane.
Det betyr at kommunen ikkje kan få tildelt fleire plassar berre ved å søkje. Samstundes er det nyttig og viktig at kommunar melder frå til oss om behov og kapasitet. Vi tek derfor gjerne imot slike førespurnader. Dei gir oss oversikt over kva kommunar som kan ta imot fleire LIS1-legar.
Denne oversikta er særleg viktig når det blir oppretta nye LIS1-plassar, og vi som Statsforvaltar får ansvar for å fordele desse til kommunane, ofte med korte fristar.
Nei, kommunen kan ikke alene opprette LIS1-stillinger. Etter forskriftsendringen som trådte i kraft 01.01.2025, kan en kommune og et helseforetak (eller sykehus) inngå en avtale om å opprette LIS1-stillinger (forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften) § 11 siste ledd).