Retten til å bli høyrd
Barnevernet skal sørge for at du kan stille spørsmål og seie kva du meiner om hjelpa du og familien får. Du har rett til å bli høyrd og til fritt å gi uttrykk for meiningane dine.
Oppgåva til Statsforvaltaren er å passe på at barnevernet gjer jobben sin på riktig måte. Før du tek kontakt med oss, bør du prøve å ta opp klagen din direkte med barnevernet. Dette er særleg viktig dersom du er vaksen og vil klage på barnevernet.
Slik klagar du
Både barn/unge og vaksne kan klage til Statsforvaltaren dersom det ikkje fører fram å ta opp klagen direkte med barnevernet. Skjemaet for vaksne krev innlogging med ID-porten.
Vi kontaktar deg snart når du fyller ut skjemaet.
Vaksne som klagar, må gi oss kontaktinformasjonen sin og ei kort forklaring på kva du klagar på.
Hastar det?
Alarmtelefonen for barn og unge er gratis og er open heile døgnet.
Ring 116 111
Ofte stilte spørsmål
Du kan seie ifrå om alt du meiner ikkje er riktig. Her er nokre døme på kva andre barn og unge har fortalt oss:
- Eg får ikkje vere med på å bestemme noko.
- Eg blir halden fast av dei tilsette.
- Eg er redd heime, og barnevernet hjelper oss ikkje nok.
- Eg (eller barnet mitt) har det ikkje bra i fosterheimen. Det er ingen som følgjer med på korleis eg har det.
- Dei vaksne på institusjonen tok mobilen min.
- Eg får ikkje informasjon om saka mi.
- Eg har fylt 18 år, og barnevernet seier at dei ikkje kan hjelpe meg.
Dersom du har teke opp klagen din med barnevernet og du ikkje får hjelp, kan du kontakte Statsforvaltaren. Vi tilrår at du klagar skriftleg. Viss du ikkje har høve til det, kan du ringe. Du treng ikkje forklare alt når du tek kontakt med oss. Vi treng å vite
- kva du heiter
- kor gammal du er
- kvar du bur
- mobilnummeret ditt
Viss du er vaksen og kontaktar oss via Send melding til Statsforvaltaren, treng vi kontaktinformasjonen din og ei kort forklaring på kva du klagar på.
Du kan klage sjølv om du har fylt 18 år.
Vi gir òg råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mammaer, pappaer, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar.
Viss du er vaksen og kontaktar oss via Send melding til Statsforvaltaren, treng vi kontaktinformasjonen din og ei kort forklaring på kva du klagar på. Vi minner om at du først bør ta opp klagen din direkte med barnevernstenesta. Du kan lese meir om korleis du klagar i klagerettleiaren vår.
- Vi kontaktar deg dersom vi treng meir informasjon.
- Vi undersøkjer og vurderer saka. Som regel kontaktar vi også barnevernet.
- Dersom vi finn at barnevernet har gjor feil, ber vi barnevernet rette opp slik at same feil ikkje skjer igjen.
Det står i barnevernslova at barn og unge skal få den hjelpa og omsorga dei treng, når dei treng det. Lova seier også at barnevernet skal leggje til rette for at barnets familie og nettverk skal involverast. Viss du er misnøgd med barnevernets tenester, er det viktig å klage, sånn at det kan bli betre.
Statsforvaltaren skal sjå til at barnevernet gjer jobben sin. Den viktigaste oppgåva vår er å følgje med på at barnevernet følgjer lover og reglar.
Ola (12) bur på institusjon og vil klage på at han ikkje får gå til venner etter skulen. Vi hos Statsforvaltaren snakkar først med Ola på telefonen. Deretter snakkar vi med institusjonen. Vi undersøker grundig. I nokre tilfelle kan det vere nødvendig at institusjonen avgrensar kven Ola er med, til dømes om vennene driv med rus eller kriminalitet. Ola skal få vere med venner dersom desse er positive for han, og i dette tilfellet var det feil av institusjonen å seie nei. Vi konkluderer med at det er eit brot på barnevernslova. Vi gir beskjed til institusjonen slik at ingen hindrar Ola i å vere saman med venner etter skuletid.