Administrere eksamen og klagar
Utdanningsdirektoratet har utfyllende informasjon til skolen.
Nyttig informasjon om klager
Som eit ekstra tilbod til elevar, privatistar og deltakarar som skal få vitnemål, tilbyr vi raskare behandling av klagar på lokalt gitt eksamen. Dette er likevel ikkje ei rett, og vi kan derfor ikkje garantere at alle får svar i løpet av juni.
Ordninga gjeld i hovudsak fag som blir avslutta på VG3 studieførebuande og VG2 yrkesfag.
Fristen for skulane til å sende inn klagar til hurtigbehandling hos Statsforvaltaren er 17. juni for vidaregåande opplæring. Vi oppmodar likevel skulane til å sende inn klagane så tidleg som mogleg.
Elevar har rett til å klage på karakteren på skriftleg eksamen dersom dei meiner han er urimeleg. Klagen må leverast innan ti dagar etter at karakteren er blitt gjort tilgjengeleg.
For meir informasjon om klagebehandling i grunnskulen og vidaregåande opplæring, sjå nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan elevar berre klage på formelle feil. Feila må ha hatt betydning for karakteren dei fekk. Klagen skal leverast skriftleg til skulen seinast innan ti dagar etter at eleven fekk vite karakteren.
Sjå forskrift med merknader: § 10-8 Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg (Udir)
Nødvendige vedlegg
Ved klage på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen skal skulen sende Statsforvalteren
- klagen frå eleven/privatisten
- uttale frå rektor
- uttale frå eksaminator
- uttale frå sensor
- eksamensoppgåva
- kommunens/fylkeskommunens retningslinjer for gjennomføring av lokalt gitt eksamen
- andre dokument som skulen/fylkeskommunen meiner er relevante når Statsforvaltaren skal behandle saka
Skulen/fylkeskommunen skal også sende kopi av dei same dokumenta til den som klagar.
Statsforvaltaren si rolle - sensorar og sensur
Statsforvaltaren skal sørge for at gjennomføring av eksamen skjer etter gjeldande retningslinjer og forskrift til opplæringslova.
I samband med skriftleg eksamen i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i grunnskuleopplæringa for vaksne har Statsforvaltaren mellom anna ansvar for å:
- oppnemne og skolere sensorar
- arrangere fellessensur
- rettleiie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS
Statsforvaltaren har ikkje ansvar for lokalt gitt eksamen. For meir informasjon om dette, ta kontakt med eigen skule.
For meir informasjon om administrering av eksamen, sjå nettsidene til Utdanningsdirektoratet: Eksamen og prøver (udir.no).