Kommunane og Statsforvaltaren har ulike roller i forvaltning av tilskotsordningar og lovverk som gjeld landbruk og utmark. For at forvaltninga skal fungere godt, er vi avhengige av at vi samarbeider bra. For at vi skal få til samarbeidet, startar vi med å bli kjende med kvarandre. Vi inviterer difor til ein introduksjonsdag på Lillehammer onsdag 30. september, med fysisk oppmøte. Målgruppe er alle som er nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark) i 2025 eller 2026.
Program
Presentasjon av Statsforvaltaren sine oppgåver, roller og organisering
Kort innføring i aktuelt lovverk for landbruksforvaltninga
Moglegheit for å treffe saksbehandlarar for ulike tilskotsordningar og lovverk
Programmet er under utarbeiding, og blir send til alle som melder seg på.
Påmelding og praktisk info
Du kan melde deg på via våre gamle nettsider Introdag for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning | Statsforvalteren i Innlandet
Påmeldingsfristen er 15. september.
Vi serverer kaffi og lunsj.
Det er gratis å delta. Vi dekker ikkje reise.