Kommunale oppgåver og ansvar
Alle kommunar i Noreg kan etablere snøskuterløyper. Kommunen forvaltar motorferdsellova i praksis. Det inneber å vurdere søknader både etter dei standardiserte heimlane i forskrifta og som dispensasjonssaker.
Saksbehandlinga må vere grundig, etterprøvbar og kunnskapsbasert, og kommunen må dokumentere korleis natur-, friluftslivs- og reindriftsomsyn er vurderte.
Omsynet til likebehandling er særleg viktig, og presedensarkivet til Statsforvaltaren er derfor eit sentralt hjelpemiddel. ///Lenke til det
Nyttig for deg som behandlar saker
Dispensasjonar er ein sentral del av arbeidet til kommunen, men også eit område med høg risiko for feilbehandling. Kommunen skal berre gi dispensasjon når
- det ligg føre eit reelt og dokumentert behov
- tiltaket ikkje kan løysast på annan måte
- fordelane er klart større enn ulempene
I praksis betyr dette at kommunen må gjere ei heilskapleg vurdering av dei ulike omsyna. Dispensasjon kan ikkhe brukast for å omgå forskrifta eller for å gjere permanent det som burde inngått i ein løypeplan eller ein standard heimel. Presedenssakene til Statsforvaltaren gir nyttige døme på både god og mangelfull praksis.
Lova byggjer på eit grunnprinsipp: motorferdsel i utmark er forbode med mindre det finst eit uttrykkeleg unntak eller det blir gitt dispensasjon. Bakgrunnen er omsynet til å beskytte naturmiljø, redusere støy og hindre unødige forstyrringar i sårbare naturtypar og leveområde.
Føremålet med lova er derfor både å bevare naturmangfaldet og å sikre gode vilkår for friluftsliv og stillheit i utmark. Dette er eit sterkt førande prinsipp som kommunane alltid må leggje til grunn ved behandling av saker.
Unntaka som finst – som nødutrykking, forsvarsøvingar, politi- og oppsynsteneste – skal kun dekke situasjonar der samfunnsmessige behov gjer motorisert ferdsel nødvendig og uunngåeleg.
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har utvikla eit sett med rettleiingsverktøy: digitale føredrag, nettkurs, malar, sjekklister og oversikter over praksis. Desse ressursane er laga nettopp for å gi kommunane eit fagleg løft og sikre at saksbehandlinga blir likare på tvers av landet. Rettleiinga blir brukt i heile landet nettopp fordi ho er praksisnær, oppdatert og tilpassa behova til kommunesektoren. //lenke til Troms og Finnmark si side når dei er klare.
I tillegg har Miljødirektoratet ein nasjonal kommunerettleiar som skildrar regelverk, unntak, rettane til grunneigar, kontroll og tilsyn – og gir utfyllande råd for saksbehandling og kommunikasjon med innbyggjarar og næringsliv. Veileder: Motorferdsel i utmark: Slik er reglene (miljodirektoratet.no)
Hovudregelen i motorferdselslova er at all motorferdsel i utmark og vassdrag er forbode med mindre anna følgjer av lov eller tilhøyrande forskrift. Det er fleire unntak i både lov og forskrift. Unntaka blir kategoriserte som direkteheimlar og dispensasjonsheimlar.
Direkteheimlar
Direkteheimel betyr at ein til eit gitt føremål kan bruke motorkøyretøy (bil/ATV/snøskuter e.l), lande med helikopter, eller bruke båt i utmark utan å søke kommunen om dispensasjon.
Direkteheimlar: motorferdselslova § 4, nasjonal forskrift § 2 og § 3
Dispensasjonsheimlar
Dispensasjonsheimlar betyr at du må søke kommunen om å bruke motorkøyretøy (bil, snøskuter e.l.), lande med helikopter, eller bruke båt i utmark. Ingen har krav på dispensasjon etter motorferdselsregelverket. Det er opp til kommunen å vurdere, innanfor rammene av regelverket, om søknaden skal innvilgast eller ikkje.
Dispensasjonsheimlar: Motorferdselslova § 6, nasjonal forskrift § 5, § 5a, § 5b og § 6.
Snøskuterløyper og barmarksløyper
Snøskuterløyper og barmarksløyper er også unntak fra hovudregelen om at all motorferdsel i utmark er forbode.
Barmarksløyper eksisterer berre i Finnmark og det er ikkje adgang til å vedta nye barmarksløyper. Statsforvaltaren har vedteke kommunevise forskrifter for barmarsløyper i Finnmark der det tidlegare har vore tradisjonelle ferdselsårer og motorferdsel har vore tillatt.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.