Innsynsklager – saksbehandlingsreglar

Oppdatert 25. mars kl. 11:06

Alle kan klage på avslag på innsyn frå ein kommune. Dei skal sende skriftleg klage innan tre veker. Dersom kommunen står fast ved avslaget, skal kommunen sende klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling. 

Slik behandlar kommunen innsynsklager

  • Dersom kommunen har gitt heilt eller delvis avslag på innsyn, kan dette klagast på innan tre veker. Kommunen må opplyse om klagerett i avslaget.
  • Om det kjem inn ein skriftleg klage på avslaget skal kommunen vurdere saka på nytt. Dersom kommunen opprettheld sitt tidlegare vedtak heilt eller delvis, skal kommunen sende klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Det er viktig at kommunen i oversendinga

  • legg ved alle relevante dokument i saka, også dei dokumenta som det ikkje er gitt innsyn i på grunn av teiepliktig innhald
  • har ei konkret grunngjeving for avslaget, og ikkje berre viser til den aktuelle lovparagrafen

Statsforvaltaren kan stadfeste eller endre avslaget til kommunen. Vi kan også sende saka tilbake til kommunen for ny behandling, dersom avslaget ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve.

Offentleglova (lovdata.no) skal sikre openheit og innsyn i kommunen si sakshandsaming og dokument, for å styrkje demokratiet, rettstryggleiken og tilliten til forvaltninga.

  • Kommunen har plikt til å føre journal og gjere dokument offentlege, med mindre det finst eit lovheimla unntak.
  • Hovudregelen er at alle kan be om innsyn, og kommunen skal behandle innsynskrav raskt og utan ugrunna opphald.
  • Unntak frå innsyn må alltid vurderast konkret, og kommunen skal vurdere om meirinnsyn kan bli gitt sjølv om unntak kan brukast.
  • Avslag på innsyn skal grunngjevast med tilvising til korrekt heimel i lov eller forskrift.
  • Kommunen har ansvar for å rettleie innbyggjarane slik at dei kan ivareta retten sin til innsyn.

Openheit etter offentleglova er ein grunnleggjande del av kommunen si rolle som offentleg forvaltar.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.