Barn og foreldre sine rettar
Barnehagelova gir barn og foreldre viktige rettar, og stiller tydelege krav til barnehagar og kommunar. Statsforvaltaren fører tilsyn og behandlar klager for å sikre at regelverket blir følgt.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov.
Hjelpa skal givast tidleg og kan givast i barnehage eller i eit anna eigna tilbod.
Kommunen fattar vedtak etter ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Foreldra skal samtykkje og vere involverte.
Foreldre kan ta kontakt med barnehagen eller kommunen dersom dei er uroa for utviklinga til barnet. Kommunen vurderer behovet for spesialpedagogisk hjelp, basert på sakkunnig vurdering frå PPT og i samarbeid med foreldra. Dersom foreldra er usamde i vedtaket, kan saka klagast inn til Statsforvaltaren.
Barn med nedsett funksjonsevne har rett til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Tilrettelegginga skal sikre at barnet kan delta på lik linje med andre barn.
I nokre saker kan barnet ha rett til både tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp.
Foreldre kan ta kontakt med barnehagen eller kommunen dersom barnet har behov for tilrettelegging i barnehagen. Kommunen vurderer behovet og fattar vedtak, ofte etter sakkunnig vurdering frå PPT.
Dersom foreldra meiner at barnet ikkje får oppfylt rettane sine, kan dei klage til Statsforvaltaren.
Samiske barn har rett til å få språket og kulturen sin tekne vare på i barnehagen.
I samiske distrikt skal barnehagetilbodet byggje på samisk språk og kultur.
I andre kommunar skal barnehagen leggje til rette for at samiske barn kan ta vare på og utvikle språket og kulturen sin.
Alle barnehagar skal synleggjere samisk kultur.
Her kan du lese meir om samisk opplæring: Samisk opplæring, statsforvalteren.no
Barnehagen skal ha nulltoleranse for krenkingar som mobbing, utestenging, vald og trakassering.
Barnehagen skal fremje eit trygt og godt barnehagemiljø og førebygge mistrivsel og krenkingar. Leik, vennskap og felleskap er eit godt grunnlag for eit trygt og godt miljø.
Barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle vurderingar.
Sjå også ressurssida hos Utdanningsdirektoratet: Barnehagemiljø (udir.no)
Kommunen er lokal barnehagemyndigheit. Kommunen skal gi rettleiing, føre tilsyn og sørgje for at både kommunale og private barnehagar følgjer regelverket.
Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og behandlar klager.
Tilsette i barnehage har teieplikt. Dersom ein tilsett skal forklare seg i politiavhøyr eller i ei rettssak om eit konkret straffbart forhold, må det som hovudregel givast fritak frå teieplikta. Det er Statsforvaltaren som gir slikt fritak, og det er politiet eller advokat som søkjer.
Barnets behov for allsidig utvikling
Barnehagen skal, i samarbeid med foreldra, ivareta barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlaget for ei allsidig utvikling.
Les meir om dette hos utdanningsdirektoratet.no:
Barnehagemiljøet
Alle tilsette i barnehagen har plikt til å følgje med på korleis barna har det i barnehagen.
- Du skal gripe inn dersom eit barn blir utsett for plaging eller mobbing.
- Du skal melde frå til styrar dersom du oppdagar at eit barn ikkje har det bra.
- I alvorlege tilfelle skal styraren melde vidare til barnehageeigar.
Klagebehandling
Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Klagaren sender klagen til kommunen som har behandla saka og gjort vedtaket.
Kommunen vurderer klagen først: Dersom kommunen opprettheld vedtaket, sender kommunen saka vidare til endeleg behandling hos Statsforvaltaren via kommunens saks- og arkivsystem.
- enkeltvedtaket som det vart klaga på
- sjølve klagen
- kommunens svar på det klagaren er usamd i
- anna dokumentasjon som kommunen har henta inn i samband med klagebehandlinga
Statsforvalterens oppgåver
Statsforvalteren rettleiar og fører tilsyn etter barnehageloven og tilhøyrande forskrifter.
Les meir om korleis vi fører tilsyn her:
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.