Området er tilbydd av grunneigar etter ordninga med frivillig vern. Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda. Verneplanen omfattar vern av den truga naturtypen frisk rik edellauvskog ved Storfjorden på om lag 422 dekar.
Føremål med vernet
Skogvernet skal bidra til at ingen artar og naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, og dei aller fleste av desse er knytt til den gamle og relativt upåverka skogen. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar og sikre leveområda for artar og naturtypar i norsk skog. Skogvern er derfor eit viktig og prioritert tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogarealet i Noreg.
Områda i denne meldinga omfattar lågurtskog og frisk rik edellauvskog med tilhøyrande truga artar som alm og ask. Det er både raudlista sopp og karplantar her til dømes kvit skogfrue. Der stadvis eit dynamisk skogbilde forstyrra av naturlege prosessar som ras.
Fylkesskogmeister har vurdert et vern her for å ha mindre innverknad for tømmertilgangen lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.
Slik gir du innspel
Innspel til verneplanarbeidet kan du sende på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no
eventuelt på papir til
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.