Høyring av vern av skog på Nordmøre
- Høyringsfrist:
- 15. september 2026 23:59
Statsforvaltaren sender framlegg om vern av tre verdfulle skogområde i Aure, Sunndal og Tingvoll på høyring. Høyringsfrist er 15. september.
Områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern. Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda. Verneplanen omfattar å utvide eksisterande Husbyfjellet naturreservat, og nye naturreservat i Buavika på Aspøya i Tingvoll og Svarthammaren på Mjølkill i Sunndal. Totalt gjeld tilboda om lag 1.800 dekar.
Føremål med vernet
Skogvernet skal bidra til at ingen artar og naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, og dei aller fleste av desse er knytt til den gamle og relativt upåverka skogen. Veldig mange artar av insekt, sopp og fugleartar er avhengig av gammal skog og daud ved.
Skogvern er derfor eit viktig og prioritert tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogarealet i Norge.
Områda i denne høyringa omfattar nedbørrike furuskog, rike edellauvskogar med alm og hassel, samt andre gamle lauvskogar. Her finn vi eit stort artsmangfald med truga og raudlista sopp og lav.
Det er ikkje venta at eit utvida vern vil ha negative effektar på skognæringa, verken lokalt eller regionalt. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.
I høyringsdokumentet finn du utfyllande informasjon om områda, mellom anna kva verneverdiar som finst der, vurdering av andre interesser og merknadar til oppstart. Du finn også forslag til verneforskrift som seier noko om restriksjonsnivå og bruk av område. Føreslått avgrensing kan du også finne i www.naturbase.no.
Slik gir du innspel
Innspel til verneplanarbeidet kan du sende på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no eventuelt på papir til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.
- Høyringsfrist:
- 15. september 2026 23:59