Kurs og konferanse
Landbruk for kommunen

Introdag for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning

Publisert i går kl. 16:23

Er du ny som tilsett på eit landbrukskontor? I tilfelle ja, ønsker vi hos Statsforvaltaren å bli kjend med deg! For oss er det viktig å bli kjend med alle som jobbar med landbruk og utmark i kommunane, slik at vi har eit bra utgangspunkt for godt samarbeid.


Dato
30. september kl. 09:30–14:30
Sted
Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
Arrangør
Statsforvaltaren i Innlandet
Målgruppe
Nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark), tilsette i 2025 eller 2026.

Kommunane og Statsforvaltaren har ulike roller i forvaltning av tilskotsordningar og lovverk som gjeld landbruk og utmark. For at forvaltninga skal fungere godt, er vi avhengige av at vi samarbeider bra. For at vi skal få til samarbeidet, startar vi med å bli kjende med kvarandre. Vi inviterer difor til ein introduksjonsdag på Lillehammer onsdag 30. september, med fysisk oppmøte. Målgruppe er alle som er nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark) i 2025 eller 2026.

Program

Presentasjon av Statsforvaltaren sine oppgåver, roller og organisering
Kort innføring i aktuelt lovverk for landbruksforvaltninga
Moglegheit for å treffe saksbehandlarar for ulike tilskotsordningar og lovverk
Programmet er under utarbeiding, og blir send til alle som melder seg på.

Påmelding og praktisk info

Du kan melde deg på via våre gamle nettsider Introdag for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning | Statsforvalteren i Innlandet 

Påmeldingsfristen er 15. september. 

Vi serverer kaffi og lunsj.

Det er gratis å delta. Vi dekker ikkje reise.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Katrine Kleiven
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Anette Ludahl
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Geir Halvor Vedum
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Anne Berit Grasbakken
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet