Kompensasjon til næringsdrivande fastlegar ved sjukefråvær knytt til koronaviruset

Søknadsfrist:
15. desember 2021 23:59
Målgruppe:
Næringsdrivande fastlegar som handterer covid-19, men som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane i Vestland

Tilskotsordninga er vidareført og gjeld ut 2021. 

Publisert 28.01.2021, Oppdatert 05.02.2021

Mål for ordninga

Fastlegane er ein viktig gruppe i arbeidet mot covid-19. Fastlegane er utsette for smitte og påfølgjande karantene. For sjukefråvær som skuldast smitte eller mistanke om smitte av koronavirus har andre grupper av sjølvstendig næringsdrivande no rett til sjukepengar frå 4. fråværsdag og maksimalt om lag 2 000 kroner per fråværsdag.

Kommunane vil bli kompensert for meirutgifter knytt til å gje fastlegar som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden ein praksiskompensasjon på  9 752 kroner per fråværsdag dersom legen under legearbeid har blitt smitta av koronavirus eller som følgje av risiko for å ha fått smitte, må ut av jobb og i karantene.

Kommunane må føre oversikt over desse ekstra utgiftene der det går fram namn og talet på dagar per fastlege som det blir søkt kompensasjon for.

Presisering frå Helsedirektoratet om målet med ordninga:

Her vil det være en skjønnsmessig vurdering. Hvis det ikke er åpenbart at risiko for smitte skyldes andre forhold enn arbeidet som lege, bør det legges til grunn at det gir rett til inntektskompenasjon. Med dette vil en uavklart smittesituasjon, som det i mange tilfeller vil være, gi rett til inntektskompensasjon.

Søknadsbehandling

Behandling av søknader og utbetaling av tilskot blir gjort fortløpande. Naudsynt dokumentasjon skal gå fram av søknaden.

Kontonummer som tilskotet skal utbetalast til, og informasjon om utbetalinga skal merkast med namn/referanse, må òg gå fram av søknaden.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden. Sjå vedlagt regelverk som du finn under «Dokument».

Rapportering

Dette er ei refusjonsordning utan krav til rekneskapsrapportering frå tilskotsmottakar.

Statsforvaltaren forvaltar tilskotet på vegne av Helsedirektoratet.

Send søknaden som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller som brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk søknaden med vårt saksnummer 20/12646.

Søknadsfrist:
15. desember 2021 23:59
Målgruppe:
Næringsdrivande fastlegar som handterer covid-19, men som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane i Vestland