Krisehandtering og samordning

Oppdatert 08.04.2024

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Statsforvaltaren kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Statsforvaltaren samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Statsforvaltaren og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere eit sentralt samarbeids- og støtteorgan for Statsforvaltaren.

Ved krig har Statsforvaltaren mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.12.2023

NVE og Statsforvaltaren åtvarar folk mot å rydde opp etter skred og flaum

Kommunane og dei andre beredskapsaktørane er urolege for at folk på eiga hand skal ta til å rydde opp etter skred og flaum, mens situasjonen enno er ustabil.


Publisert 01.08.2023

Fugleinfluensa er påvist i Vestland

Det føregår eit større utbrot av fugleinfluensa i fleire Finnmarkskommunar. Det er no påvist eit tilfelle i Gloppen, og ut frå erfaringar i andre delar av landet kan vi rekne med at sjukdomen spreier seg.


Publisert 28.06.2023

Møte for fylkesberedskapsrådet i Florø

Nytt nasjonalt varslingssystem, den tryggleikspolitiske situasjonen i Noreg og rapportane frå to regjeringsoppnemnde kommisjonar var sentrale tema då fylkesberedskapsrådet var samla i Florø 14. og 15. juni.


Publisert 05.12.2022

Årleg samling for fylkesberedskapsrådet

Totalforsvaret, krigen i Ukraina, atomberedskap, flaum og tunnelstenging var blant temaa då fylkesberedskapsrådet i Vestland nyleg var fysisk samla for første gong etter pandemien.


Publisert 16.03.2022, Sist endra 17.03.2022

Registrering av ukrainske flyktningar i Vestland

Onsdag 16. mars opna Vest politidistrikt eit registreringssenter for ukrainske flyktningar i Bergen. Sjølv om det vert ei forenkla saksbehandling av flyktningar frå Ukraina, må det påreknast lang ventetid. Det vert jobba med å få på plass ei timebestillingsløysing.


Publisert 11.03.2022

Evaluering av bistand frå Forsvaret til vaksinering i Vestland

Erfaringane frå arbeidet med bistand frå forsvaret til vaksinasjon i kommunane har gitt oss nyttige læringspunkt til det vidare arbeidet med totalforsvaret.


Publisert 04.03.2022

Situasjonen ved Zaporizhzhia kjernekraftverk i Ukraina

Det er så langt ikkje meldt auka strålenivå etter dei harde kamphandlingane i området ved Zaporizhzhia kjernekraftverk sør i Ukraina.


Publisert 22.02.2022

Fylkesberedskapsrådet diskuterte den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa

Tysdag 8. februar samla Statsforvaltaren fylkesberedskapsrådet på Haakonsvern for å diskutere den ustabile tryggleikssituasjonen i Europa.


Publisert 22.12.2021, Sist endra 21.02.2022

Møte med kommunane om koronasituasjonen

Statsforvaltaren har faste møte med kommunane i samband med koronapandemien. I møta deltek òg dei tre helseføretaka, fylkeskommunen, KS, Sivilforsvaret og andre aktuelle aktørar. Her blir referat frå møta publisert. 


Publisert 03.12.2021

Regjeringa innfører regionale tiltak i bergensområdet

Regjeringa innfører regionale tiltak i Bergen og fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten. Tiltaka gjeld frå kl. 21 i dag, 3. desember.


Fylkesberedskapssjef

Beredskapsvakt

Ved akutte spørsmål og meldingar utanom kontortid.
Obs! For kommunar og regionale aktørar, ikkje privatpersonar.

Vakttelefon: 916 99 098 (ikkje SMS)

E-post: sfvlberedskap@statsforvalteren.no