Omsorgstenester

Oppdatert 08.04.2024

Kommunen har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Omsorgstenester skal organiserast slik at den enkelte så lenge som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i samråd med brukaren. Statsforvaltaren fører tilsyn og kontroll med dei kommunale tenestene. 

Fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller løn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen yter teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på same måte som i vanlege heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i korleis kommunens vurderer behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen din til kommunen. Dersom klagen ikkje når fram, blir klagen automatisk send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.12.2020, Sist endra 10.12.2020

Nytt tilskot til born og unge med nedsett funksjonsevne

Målet med tilskotet er å spreie og implementere velferdsteknologi i tenester til born og unge med nedsett funksjonsevne. Samarbeid mellom helse- og oppvekstsektoren er sentralt for å lukkast.


Publisert 06.11.2020

42 millionar til mindre einsemd og meir aktivitet for eldre

Kommunar og frivillige organisasjonar i Vestland har fått over 42 millionar kroner til tilrettelegging for meir aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre.


Publisert 09.06.2020

Lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet

Ei ny stortingsmelding skal bidra til meir openheit om døden, og gi alle ei verdig avslutting på livet etter eige ønske og behov.


Publisert 03.06.2020

Kompetanse- og rekrutteringsplanlegging i kommunane

Mange kommunar i Vestland rapporterer om store rekrutteringsutfordringar på helse- og omsorgsfeltet. Vi oppfordrar kommunane til å inkludere kompetanse- og rekrutteringsplanlegging som ein sentral del av samfunnsplanarbeid.


Publisert 02.04.2020

Nettundervisning om koronavirus og covid-19 i sjukeheimar

Fredag 3. april held Folkehelseinstituttet nettundervisning om koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i sjukeheimar. 


Publisert 27.03.2020

Vedtak om plass på venteliste for langtidsplass på sjukeheim

Dersom kommunen avslår ein søknad om langtidsplass må dei også gjere vedtak dersom søkaren ikkje får plass på venteliste.


Publisert 20.03.2020

Utsett frist for rapportering av kompetanse- og innovasjonstilskotet

Grunna koronasituasjonen blir rapporteringsfristen flytta ein månad.


Publisert 28.02.2020

Nasjonal informasjonskampanje om demens

Kampanjen har som mål å bygge ned stigma, og å få fleire som har symptom på kognitiv svikt til å søke utgreiing.


Publisert 04.02.2020

Kvinne fekk ikkje forsvarleg oppfølging av Bergen kommune

Ei kvinne var liggande unødvendig lenge med slag heime – heimesjukepleia følgde ikkje rutinane sine.


Publisert 27.01.2020

Rapportering på tilskotet styrking av habilitering og rehabilitering 2019

Kommunar som har fått tildelt tilskot i 2019 skal rapportere om bruken av midlane innan 1. april 2020.