Undervegsrapport frå Leve heile livet

Undervegsrapporten Leve hele livet i kommunene undersøkjer korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2022

Det er OsloMet som står bak rapporten, som du kan lese i heilskap her.

I rapporten kjem det fram at nærare 98 prosent av kommunane svarar at dei planlegg å gjennomføre Leve heile livet-reforma, og halvparten har fatta vedtak om korleis den skal gjennomførast lokalt.

Nokre kommunar vel å organisere arbeidet innanfor helse- og omsorgssektoren, medan andre organiserer det som ei breiare samfunnsreform og inkluderer område som samferdsel, kultur, plan og folkehelse. Fleire jobbar ut i frå begge perspektiv. 

Rapporten viser vidare at kommunane ventar at arbeidet med reforma skal føre til meir samarbeid internt i kommunen, og med eksterne aktørar som næringsliv og frivilligheit. Les meir hos Helsedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.