Slik ligg kommunane an i planarbeidet for Leve heile livet

For å bli prioritert innanfor ulike tilskotsordningar skal kommunane i løpet av 2021 anten ha vedteke ein plan for gjennomføringa av Leve heile livet-reforma, eller skildra korleis og når dei skal vedta ein slik plan

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2020

I samband med rapportering til Helsedirektoratet har Fylkesmannen i Vestland undersøkt kor langt dei ulike kommunane i Vestland er komne i planarbeidet kring Leve heile livet. 

Vi fekk tilbakemelding frå 33 av 43 kommunar, og dei melder følgjande: 

  • 16 kommunar har integrert kvalitetsreforma Leve heile livet i sine planstrategier 
  • 26 kommunar har tatt stilling til løysingsforslaga i reforma, og 13 kommunar har politisk vedteke korleis reforma skal gjennomførast lokalt 
  • 14 kommunar har ikkje gjort politiske vedtak, men har beskrive ein prosess for korleis og når dei skal vedta ein plan 

Framdrift i 2021

På grunn av covid-19-situasjonen vil det vere stor risiko for at mange kommunar vil kunne bli forseinka i planprosessane sine for lokal iverksetting av Leve heile livet. 

For å sikre at kommunane har tilstrekkeleg tid, kompetanse, og kapasitet til å utvikle planar og oppfylle kriteria for å søke  tilskot blir følgjande framdrift og plankrav lagt til grunn i 2021: 

  • Kommunane skal antenha vedteke ein plan eller beskrive ein prosess for korleis og når dei skal vedta ein plan for gjennomføring av Leve heile livet, for å bli prioritert innanfor dei ulike tilskota. 
  • Det blir forventa at kommunane innan utgangen av 2021 kan vise til politisk vedtekne planar for korleis innsatsområda og løysingane i reforma skal gjennomførast lokalt. 
  • Ein plan inneber at kommunestyra har tatt stilling til innsatsområda og løysingane i reforma, og vedtatt korleis reforma skal gjennomførast lokalt.
  • Kommunane skal synleggjere korleis reforma er tenkt integrert i kommuneplanens samfunnsdel (etter § 11-2 i plan og bygningslova).
  • Kommunen må vise til deltaking eller planlagt deltaking i regionale nettverk for Leve heile livet for erfaringsdeling og gjensidig støtte og bistand med andre kommunar.  

Alle kommunar skal framleis kunne søkje på tilskota, men kommunar som har beskrive ein planprosess eller utarbeidd og vedtatt ein plan for korleis reforma sine innsatsområde blir gjennomført lokalt, vil bli prioritert. Les meir i statsbudsjettet for 2021 (under kapittel 761 Omsorgsteneste)

Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet inviterer til digital Leve heile livet-konferanse 1. desember. Les meir her og meld deg på. 

Fylkesmannen inviterer også til dialogmøte med kommunane om Leve heile livet. Les meir i denne saka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.