Nasjonal erfaringskonferanse for Leve heile livet

Kommunar og andre lokale aktørar som arbeider med Leve heile livet, er invitert til nasjonal erfaringskonferanse 26. mai.

Publisert 24.03.2021, Sist endra 07.04.2021

KS, i samarbeid med nasjonalt og regionalt støtteapparat, arrangerer den heildigitale konferansen som går føre seg 26. mai klokka 10.00 - 14.00.

Målet med erfaringskonferansen er å spreie gode erfaringar og eksempel frå kommunane sitt arbeid med Leve heile livet, til inspirasjon og nytt for kommunesektoren. Det er også ønskeleg å inspirere til å sjå arbeidet i samanheng med andre satsingar.

Målgruppa for konferansen er tilsette og leiarar i kommunane, politikarar, og andre lokale aktørar som arbeider med Leve heile livet. Det er gratis å delta på konferansen, og påmeldingsfrist er 21. mai.

Følg denne lenka for meir informasjon og påmelding.