Leve heile livet

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

Vis meir

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består av Åse Vaag (plan, prosjektleiar), Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk)Beate Helland (helse) og Ingunn Elise W. Erichsen (helse). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med. 

Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.

Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland:


Publisert 21.04.2021, Sist endra 06.05.2021

Kva rolle spelar mat og måltid for eldre?

Om du ikkje fekk med deg fagdagen om mat og måltid og podkastlanseringa 29. april, kan du sjå opptak av heile webinaret her. 


Publisert 24.03.2021, Sist endra 07.04.2021

Nasjonal erfaringskonferanse for Leve heile livet

Kommunar og andre lokale aktørar som arbeider med Leve heile livet, er invitert til nasjonal erfaringskonferanse 26. mai.


Publisert 22.02.2021

Ny handbok skal inspirere kommunane

For å lette arbeidet, og inspirere flest mogleg kommunar til å følgje opp reforma, er det laga ei ny Leve heile livet-handbok.


Publisert 16.12.2020

Mobilisering og samhandling i Leve heile livet

Korleis skape det aldersvenlege samfunnet gjennom samhandling på tvers, og korleis få til brei deltaking? Dette var viktige tema på Leve heile livet-konferansen for Vestland


Publisert 25.11.2020

Nytt frå Leve heile livet-satsinga

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om korleis det regionale støtteapparatet følgjer opp kommunane, og anna relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet


Publisert 18.11.2020

Kinn kommune får Leve hele livet-prisen 2020

Kinn kommune er eit døme til etterfølging fordi dei har brukarperspektivet med heile vegen, samtidig som dei har forankra reforma politisk, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie. 


Publisert 17.11.2020

Inviterer til dialogmøte om Leve heile livet

Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet inviterer til dialogmøte med kommunane i Vestland. 


Publisert 17.11.2020

Slik ligg kommunane an i planarbeidet for Leve heile livet

For å bli prioritert innanfor ulike tilskotsordningar skal kommunane i løpet av 2021 anten ha vedteke ein plan for gjennomføringa av Leve heile livet-reforma, eller skildra korleis og når dei skal vedta ein slik plan


Publisert 06.11.2020

42 millionar til mindre einsemd og meir aktivitet for eldre

Kommunar og frivillige organisasjonar i Vestland har fått over 42 millionar kroner til tilrettelegging for meir aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre.


Publisert 23.10.2020

Tilskot til hospitering mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og omsorgstenester

Målet er å utvikle og spreie gode modellar for hospitering av tilsette mellom tenestene, for å sikre god og samanhengande behandling og oppfølging.