Inngripande tiltak i skulemiljøsaker

I saker som gjeld skulemiljø kan det vurderast å setje inn inngripande tiltak mot elevar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.10.2019

I saker om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, er det i utgangspunktet skulen og skuleeigar sitt ansvar å setje inn tiltak. Dersom saka blir meldt til Fylkesmannen, kan også Fylkesmannen pålegge skulen å setje inn tiltak. Tiltaka skal setjast inn på bakgrunn av ei fagleg vurdering. Eleven og føresette skal involverast i vurderinga av tiltaka, men det er skulen og skuleeigar som tek avgjersla. Eleven og dei føresette kan krevje eller ønskje seg spesifikke tiltak, utan at dette kan binde skulen eller skuleeigar si avgjersle om kva tiltak som skal setjast inn.

Partsrettar

I meldingane som Fylkesmannen får inn frå føresette og elevar angåande skulemiljø, ser vi ofte at det blir kravd at ein medelev til dømes skal måtte byte skule. Dersom skulebyte for medeleven skal vere eit tiltak som skal setjast inn for å trygge ein elev, må denne medeleven få partsrettar. Medeleven vil få partsrettar fordi rettstryggleiken til denne eleven også må sikrast, og medeleven skal ha moglegheit til å vise si side av saka. Desse partsrettane kan vere rett til å sjå saka sine dokument, rett til å uttale seg i saka, og klagerett på vedtaket der skulebyte setjast inn som tiltak. Dette gjeld ikkje berre ved krav om skulebyte, men også andre inngripande tiltak, og særleg tiltak som krev eit enkeltvedtak. Det er viktig at skulen og skuleeigar informerer om at dette kan bli aktuelt, når elevar og føresette krev slike tiltak. Dei som melder om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, og då krev slike tiltak for å bøte på dette, må bli informert om kva følgjer dette vil kunne ha. Medeleven vil i slike tilfelle ha rett til å bli involvert i saka, og eleven som det er meldt sak for bør difor informerast om dette. For meir informasjon om skulebyte viser vi til lenkja til høgre.

Sanksjonar

Fylkesmannen vil likevel understreke at når ein elev ikkje har det trygt og godt, skal det setjast inn tiltak for å trygge denne eleven, og ikkje for å straffe medeleven. Sanksjonar kan ikkje heimlast i opplæringslova § 9 A-4. Dersom skulen reagerer i samsvar med ordensreglementet overfor ein elev som har skapt utryggleik for ein annan elev, må reaksjonen følgje saksbehandlingsreglane i ordensreglementet, og opplæringslova § 9 A-10 (ordensreglement) og § 9 A-11 (bortvising). Sanksjonar etter opplæringslova §§ 9 A-10 og 9 A-11 skal ha ein oppdragande effekt, og vil vere ein reaksjon på uønskt åtferd. Tiltak etter opplæringslova § 9 A-4 skal ikkje oppdra eller straffe, men skal sikre ein eller fleire elevar sine rettigheiter etter opplæringslova § 9 A-2. Sanksjonar kan berre unntaksvis takast inn som tiltak.

Bortvising

Vilkåra for å vise bort ein elev finn ein i opplæringslova § 9 A-11. Kommunen eller fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar kan visast bort frå undervisninga, dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad, eller fleire gonger. Kor lenge ein elev kan bortvisast varierer, avhengig av om eleven går på barneskulen, ungdomsskulen, eller vidaregåande skule. Før det kan fattast vedtak om bortvising skal ein ha vurdert andre tiltak, og kvifor desse andre tiltaka eventuelt ikkje er tilstrekkelege. I vedtak om bortvising må skulen eller skuleeigar gjere klart kva del av ordensreglementet som er broten, kvifor bortvising er det rette tiltaket i saka i forhold til andre vurderte tiltak, og kvifor eleven blir vist bort for akkurat éin time, éin dag, eller fleire dagar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.