Brukarundersøking for verjer – 2020

Fylkesmennene skal gjennomføra ei brukarundersøking blant verjer i 2020. Det er Statens sivilrettsforvaltning som har stått for utforminga av undersøkinga.

Publisert 07.12.2020

Formålet med undersøkinga er å identifisera utviklings- og betringsområdet for Fylkesmannens vidare arbeid og prioriteringar. Vi håper derfor at vi får inn mange svar frå dykk, slik at undersøkinga blir nyttig for oss.

Viktig å hugsa på ved utfyllingen:
Hugs at de ikkje må kommentera enkeltsaker i undersøkinga. Har de konkrete spørsmål til ei sak, ber vi om at de tar kontakt med oss på telefon eller via skjema «Melding til fylkesmannen», dvs. skjema nr. 1 på Vergemålsportalen www.vergemal.no under emnet «Skjema».

Undersøkinga er open fram til 31.12.

Undersøkinga finn de her: http://fylkesmannen.no/verjebrukar