Ny rettleier om handtering av naturfare for kyrkjebygg

Kirkebygg. Bildet er henta frå Forsvaret sitt mediearkiv. Foto: Stian Lysberg Solum
Kirkebygg. Bildet er henta frå Forsvaret sitt mediearkiv. Foto: Stian Lysberg Solum

Føremålet med rettleiaren er å angi korleis kyrkjeeigarar og forvaltarar bør forhalda seg til fare for flaum og skred i tilknyting til eksisterande kyrkjebygg og gravplassar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2021

Kyrkjene er i ein særstilling som kulturminne, og er blant dei mest verdifulle bygningane våre når det gjeld arkitektur, kunsthistorie og handverk. Klimaendringar påverkar kyrkjene, og ein stor del av Noregs verna og freda kyrkjer er i dag trua av øydeleggingar på grunn av auka fare for flaum, skred og andre naturfarar.

Ein ny rettleiar om Handtering av naturfare for kyrkjebygg er derfor laga av Multiconsult på oppdrag frå KA (Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder). Rettleiaren gjer konkrete råd til kyrkjeeigarar og forvaltarar om faren for flaum, skred i bratt terreng og kvikkleireskred knytt til eksisterande kyrkjebygg og gravplassar. Rettleiaren er utvikla i samarbeid med Riksantikvaren, og er kvalitetssikra av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Føremålet med rettleiaren er å angi korleis kyrkjeeigarar og forvaltarar bør forhalda seg til fare for flaum og skred i tilknyting til eksisterande kyrkjebygg og gravplassar. Han skal gi konkret kunnskap om risiko for naturskade for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg spesielt, men mykje vil òg vera nyttig for alle typar av kyrkjebygg. Andre aktuelle tema som rettleiaren tar opp er ansvarsforhold og aktuelle risikoreduserende tiltak for å handtera desse naturfarane.

Vi tilrår at både kyrkjeeigar og kommunar blir gjorde kjent med innhaldet i vegleiaren, og legg denne til grunn for i planlegginga si.

Vegleiaren er tilgjengeleg på nett, lenke finn du i menyen til høgre.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.