Valdshendingar på sjukeheimar

Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har satt valdshendingar på sjukeheimar på dagsorden. Dette kjem fram i ei spørjeundersøking vi har gjort.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2021

Kommunane gav ifølge undersøkinga ulike eksempel på kva som gjerast for å førebyggje valdshendingar på sjukeheim. Fleire peika på at nok folk på jobb, oppmerksemd på tema frå leiinga si side, kompetanse om tematikken, og det å jobbe personsentrert, er av stor betydning.

Verktøy som allereie finnes
- Det er viktig at kommunane får auga opp for utfordringa, sett det på dagsorden, og tek i bruk dei verktøya som allereie finnes. Tenestene må skaffe seg oversikt over dei faktorane som kan auke risikoen for at vald og overgrep kan skje i sjukeheimar, seier seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark Janne Wikheim Aas.

Nokre kommunar har ifølgje undersøkinga jobba spesifikt med problemstillinga, og ser ut til å ligge litt før i løypa, samanlikna med andre. Dei gjer til dømes regelmessige risikoanalysar, har rutinar og prosedyrar for å følgje opp og sette tema på agendaen på møter for personalet, har tatt i bruk spesifikke verktøy, og trener støtt på korleis handtere valdelege pasientar.

Fleire kommunar er opne om at dei ikkje har jobba like systematisk med tematikken, i alle fall ikkje når det gjeld handtering av vald mot pasientar. Det kjem fram i undersøkinga at fleire ynskjer meir kursing og kompetanse kring eit så samansett tema.

Viktig med ein plan
- Kommunane må legge en plan for korleis førebyggje, fange opp og følgje opp. Kommunane bør kjenne til rapporten frå Helsedirektoratet, auke sin kompetanse kring temaet, og vurdere å implementere TryggEst-modellen, seier Janne Wikheim Aas.

Statsforvaltarane fekk våren 2021 i oppdrag av Helsedirektoratet med å identifisere kommunar i sitt fylke som jobbar godt med å førebyggje og følgje opp vald og overgrep i sjukeheim, og rapportere på korleis dei jobbar.

Vi utforma og sendte ut eit digitalt spørjeskjema til alle kommunane, og fekk svar frå 18 av 23 kommunar. Svara er samla i ein rapport som vart send til Helsedirektoratet i mai 2021

Rapporten frå Helsedirektoratet vart oversendt Helse- og omsorgsdepartementet i juni 2021, og inneheld oppsummering av forsking frå NTNU, rapporteringa til statsforvaltarane, samt tilråding til vidare arbeid. Rapporten inneheld eksempel på suksesskriterium som går igjen hjå dei kommunane som arbeider godt med problemstillinga. Dei viktigaste er:  

  1. Systematisk merksemd på tema
  2. Systematisk arbeid med avvik og rutinar
  3. Opplæring og kursing
  4. Personsentrert omsorg
  5. Organisatoriske grep og leiing

Helsedirektoratet sin rapport ligg på regjeringa sine sider

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.