Våren er tid for egg og kylling

Frå 15. april er det ferdselsforbod mange stader i Vestfold og Telemark. Det skal sikra fuglane fred i hekkesesongen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2021

Frå og med 15. april til og med 15. juli gjeld ferdselsforbodet for mange øyar og holmar langs kysten og ved innsjøar i innlandet. Forbodet er markert ute i terrenget med små kvite skilt med riksløva på.

Skilt med ferdselsforbud.
Skilt med ferdselsforbud. Foto: Haukeblikk Film.

Forbod gjeld òg 50 meter unna

All ferdsel, enten det er folk på tur, båtar, padlarar, dykkarar eller annan type vassport skal halde ein avstand på minst 50 meter frå desse restriksjonsområda.

Film som forklarar kvifor

- I år har vi slått kreftene våre saman, og laga ein film som forklarar betre kvifor det er eit ferdselsforbod, fortel fagsjef Arne Christian Geving hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Filmen er eit samarbeid mellom Statsforvalteren i Oslo Viken, alle dei fire nasjonalparkane rundt Oslofjorden og Statens naturoppsyn.

Nedgang i talet på sjøfuglar

- Talet på sjøfuglar går nedover. Det er noko av grunnen til at vi forsøker å nå flest mogleg med ein slik kampanje. Vi håpar mange av dei som ferdast på sjøen vil dela filmen, og at vi dermed kan hjelpa våre fjærkledde vennar, oppfordrar Geving.

Kart viser kvar det er forbod

Forvaltninga har nyleg oppgradert karta over verna natur i Noreg, slik at du enkelt kan sjå kvar det er ferdselsforbod.

Sjå kart med ferdselsforbudet på Miljøstatus

Brot på ferdselsforbodet kan straffast

Det er naturoppsynet til staten (SNO) og politiet som handhevar ferdselsforbodet. SNO er oppsynsmynde og vil gjennomføre kontrollar i månadene framover. Brot på ferdselsforbodet kan meldast til politiet.

Fuglane kjenner ingen grenser

- Fuglane kan sjølsagt hekka òg der det ikkje er ferdselsforbod. Ofte kan dei vera vanskeleg å få auge på fordi dei kamuflerer seg så godt. Men trekk deg tilbake viss du oppdagar på reir, avsluttar Geving.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding