Kvotejakt på gaupe i 2022

Rovviltnemnda i region 2 vedtok ei kvote for jakt på gaupe på totalt 24 dyr i møte den 18. november. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2021

Kvota på totalt 24 dyr, kan inntil 7 av desse være vaksne hodyr. 22 dyr, av dette kan 5 vaksne hodyr bli tildelte frå jaktstart 1. februar. 

Det blir opna for kvotefri jakt i beiteprioritert område i Aust-Agder. Nytt av året er at familiegrupper vert unnateke frå jakt dei første tre vekene, mot to veker tidligare. Bakgrunnen for dette, og ein noko lågare kvote, er at det vart felt mange vaksne hodyr med ungar i fjor.

Kvotejakta vert administrert av Statsforvaltaren og det er eigne reglar for korleis jakta blir gjennomført. Det kjem meir informasjon på Statsforvaltaren sine nettsider når starten på jakta nærmar seg (1. februar). 

Vedtaket kan klagast på til Klima- og miljødepartementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding