Alle kan rydde ei strand eller ein sti

Mye rart å finne på en strandryddedag. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Mye rart å finne på en strandryddedag. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Hold Norge Rent inviterer til ein ny runde med nasjonal ryddedugnad  11-19 september. Målet er å engasjer frivillige til å rydde naturen for søppel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.09.2021

Vi håper du vil rydde ei strand, ein tursti, ein leikeplass, langs leikebekken eller ein annan stad du sett pris på. Ingen kan gjere alt, men alle kan vi bidra med litt. Alle små aksjonar der ein ryddar plast og anna søple er viktige bidrag for ein reinare natur.

I Strandrydderuka kan alle bidra, frå barnefamiliar, gjengen med gode venner, bondelaga og fiskenæringa, friluftsråd, surfarar og elles alle som ønsker ein rein og vakker natur. Du treng hanskar, ein sekk eller pose til søppelet og ein plan for kvar du skal gjere av avfallet. Vi held på i ei heil veke, så fin ein dag og stikk ut å rydd.

Les meir om strandrydde-veka på heimesida til holdnorgerent.no

 

Ryddedag på Stranda naturreservat i Porsgrunn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Ryddedag på Stranda naturreservat i Porsgrunn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.