Færder nasjonalpark - Ein av Noregs mest brukte

Besøkssenteret ligg på sydspissen av Tjøme, Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Besøkssenteret ligg på sydspissen av Tjøme, Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Færder nasjonalpark ligg tett inntil store, urbane område og er ein av Noregs mest brukte nasjonalparkar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.07.2021

Det  blir ikkje opp lagt til utvikling av ny infrastruktur inne i nasjonalparken. Hovudvekta skal ligge på det enkle og lette friluftslivet. Til dette formålet er det etablert enkle brygger for  ilandstigning, toalett og avfallsdunkar på dei mest brukte øyane. På denne måten ønsker vi å tilrettelegga for mange, samtidig som verdiane inne i nasjonalparken ikkje blir sliten ned, og at vi ikkje «sager av den greina vi sit på».

Moutmarka og svaberga ved Verdsens Ende representerer lett tilgjengelege, unike naturtypar og kulturlandskap. Her får du ein nærkontakt med havet utan at du treng båt. Også randsona til nasjonalparken byr på rike moglegheiter til å oppleva naturen i form av turstier, padling, bade- og fiskemoglegheiter etc. Dette gjeld f. eks. den merka kyststien Hvasser nord og tilsvarande på Nøtterøy sin austside og vestside.

Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Skjergardstenesta er ofte på oppdrag i Færder nasjonalpark. Dei transporterer søppel, slår gras, held ved like brygger, badebøyer og badetrapper og oppfordrar besøkande til å opptre slik at naturen blir påført minst mogleg skade. Skjergardstenesta er eit samarbeid mellom Færder, Sandefjord og Tønsberg kommunar.

7 måtar du kan bidra i nasjonalparken på

Det kan vera å registrera artar både på land og i sjø, plukka både stillehavsøster og søppel.

Framgangsmåten til aktivitetane kan du lesa meir om på heimesida.

Andre aktivitetar

Ellers  er Færder nasjonalpark eit av landets aller viktigaste område for kystnært friluftsliv, og store areal er sikra som offentleg eigde friluftsområde. Båtturar, padling, vassport, fotturar, fiske og bading er populære aktivitetar. Nasjonalparken og randsona er eit viktig rekreasjonsområde året rundt for både fastbuande og hytteeigarar, og dessutan besøkande frå store delar av Austlandet.

Forslag til aktivitetar finn du på heimesida.

Det er og mange stader å besøka i nasjonalparken

Mennesker og husdyr har budd og sett preget sitt på skjergarden gjennom mange hundre år. Restar av bygningar og skipsvrak fortel noko av historia. Færder nasjonalpark er rik på kulturminne, både over og under vatn. Døme på slike kulturminne er russarfangeleiren, husmannsplassane i Nordre Jensesund og Rønningen og kompasrosen, alle på Bolærne, og dessutan Fulehuk og Færder fyr, fyrruinene på Store Færder og deler av gardsbusetnaden på Søndre Årøy.

Stadene du kan besøke, finn du omtalte på heimesida.

Store Færder. Foto: Birgit Brosø
Store Færder. Foto: Birgit Brosø

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar