8 tips til naturvennleg friluftsliv

Tips 4: Opplev naturen til fots og på sykkel, men følg stiene.
Tips 4: Opplev naturen til fots og på sykkel, men følg stiene. Foto: Besøkssenter våtmark Ilene.

Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren gler seg over at så mange tek i bruk den flotte naturen. Her er åtte tips som gjer at du kan drive eit friluftsliv som ikkje set spor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2021

Ut på tur i sommar?

Vestfold og Telemark har mykje vakker natur å by på. Frå blankskura svaberg og frodig edellauvskog langs kysten til sildrande bekker og nakne vidder på fjellet. Her er det noko for ein kvar smak.

Mellom 4 og 5 prosent av naturen i fylket er verna for komande generasjonar. Det er Statsforvaltaren som forvaltar dei fleste verneområda. Innafor verneområda er reglane strengare enn elles.

Men ute i terrenget kan det av og til vere vanskeleg å vite om du er utafor eller innafor eit naturvernområde. Difor har vi laga åtte tips som gjer at du kan drive eit friluftsliv som ikkje set spor, same kor du er.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding