Husk bålforbod

Bål på snødekt mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Bål på snødekt mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Frå 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å gjera opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og annan utmark

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.04.2021

Det er lite som slår kosen rundt eit bål når ein er på tur.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenna opp bål og grill (òg eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og all utmark – skog, lyng, gras, snaufjell, holmar og strandområde.

Unntak er godkjente bålplassar. Reglane opnar samtidig for bruk av skjønn. Spesielt kan ein nemna høve for å tenne bål på snødekt mark eller når det har vært mykje nedbør over lang tid.

Bålet – ein viktig del av friluftslivet

I Noreg er bålet sjølve symbolet på friluftslivet og er ein viktig del av allemannsretten. Å samlast rundt eit bål er ein viktig del av i kulturen vår – sjølv om det er restriksjonar på båltenning store delar av året.

Allemannsretten gir oss lov til å gjera opp eld i naturen. Men ikkje kvar helst, og ikkje når som helst. Retten til å tenne bål blir regulert av Forskrift om brannforebygging.

Melding om skogbrann

Skogbrann kan du varsla til nødnummer 110

 

Takk for at du respekterer bålforbodet!

 

Les meir om korleis bål kan sette varige spor.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.