Kartlegging av naturtypar 2021

Tidlegare kartlegging. Gullkronene i Tønsberg. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Tidlegare kartlegging. Gullkronene i Tønsberg. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

På vegne av Miljødirektoratet vil det sommaren og høsten 2021 bli gjennomført kartlegging av naturtypar i fylket. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsning om å bedre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.

Publisert 11.06.2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2021. Det er mellom anna lagt vekt på område der ein antar at det kan finnast trua eller sjeldne naturtypar og område med stort utbyggingspress. Miljødirektoratet har bruka forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for å prioritera kva område som skal kartleggast.

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass god koordinatbestemt informasjon om naturen til bruk i mellom anna arealforvaltning. Ved at stadfesta informasjon om natur er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess vil dette kunne bidra til at det vert lettare å ta omsyn til naturen, i tillegg til å bidra til meir effektivitet og kva ein kan venta seg i prosessane.

Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ynskjer å søkje om tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskapet.


Kva skal kartleggast?

Kva slags naturtypar som skal kartleggast er fastsett i kartleggingsinstruksen for 2021 som er gjeve ut av Miljødirektoratet. I år skal kartleggingsområda undersøkjast for 111 ulike naturtypar. Dei fleste av desse naturtypane er raudlista i Noreg, medan resten er viktige leveområde for trua og nær trua artar.

Du kan sjå kva område som skal kartleggjast og lese meir om kartlegginga på denne nettsida til Miljødirektoratet.

Områda som skal kartleggjast kan innehalde både innmark og utmark. Resultata frå kartlegginga vil bli tilgjengeleg for alle via Naturbase våren 2022.

Korleis skal områda kartleggast?

Kartlegginga vil gå føre seg på land etter eit standardisert system som heiter "Natur i Norge" (NiN). At eit område vil bli kartlagt inneber i praksis at eit kartleggingsområde vil bli undersøkt til fots for førekomst av dei 111 naturtypane. Ved funn av ein naturtype vil den som kartlegg notere ned observasjonar i samsvar med instruksen og ta bilete av naturtypen. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å ta med små mengder plantemateriale for å identifisere det på eit laboratorium.

Den som kartlegg vil for kvar førekomst av ein naturtype vurdere tilstanden og
naturmangfaldet i denne. Vurderinga vil bli gjort etter eit fastsett system utarbeida av ei ekspertgruppe. Basert på vurderinga vil naturtypeførekomsten bli gitt ein
kvalitetsklasse. Det finst fem slike klassar; svært låg kvalitet, låg kvalitet, moderat
kvalitet, høg kvalitet og svært høg kvalitet.

 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding