Naturtypekartlegging i 2022

Tidlegare kartlegging. Gullkronene i Tønsberg. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Tidlegare kartlegging. Gullkronene i Tønsberg. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren ber om forslag til område for naturtypekartlegging i 2022.

Publisert 14.10.2021

Statsforvaltaren får kvar haust oppdrag frå Miljødirektoratet om å foreslå nye område for naturtypekartlegging etter Miljødirektoratet sin instruks (også omtalt som NiN-kartlegging). Vi vil vurdere innspel frå kommunane m.fl., og skal levere endeleg forslag til Miljødirektoratet innan 15. november.

Miljødirektoratet vil ha ein open innspelsrunde i desember, og etter ei samla vurdering prioriterer dei kva for område som skal kartleggast i 2022.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark inviterer derfor til innspel frå kommunane om område som bør kartleggast for naturtypar etter NiN- metodikk (Natur i Noreg).

Les meir om saka i vedlegget som ligg i menyen til høgre. Her ligg det og forklaring på korleis innmelding av nye område skal gjerast.

Og seinast 31. oktober:

Send e-post som stadfestar innmelding av område i kart til Linda Myhre,  fmvelmy@statsforvaltaren.no